Elev i vidaregåande skoleElev- og lærlingombodet er ein uavhengig ressursperson som skal vareta interessene og rettane til elevar og lærlingar i Møre og Romsdal. Ombodet har teieplikt, og er meint som eit gratis lågterskeltilbod til ungdommar i vidaregåande opplæring. Elev- og lærlingombodet kan hjelpe deg om du treng råd og hjelp om forhold som gjeld din opplæringssituasjon og dine rettar som elev i vidaregåande skole eller lærling. Ombodet kan vere ein diskusjonspartnar for deg, vise deg veg i systemet eller hjelpe deg med å ta saken din vidare. Du bestemmer kva hjelp du ønsker, og kor involvert du vil at ombodet skal vere. Hugs at ordninga med elev- og lærlingombod er gratis, og at ombodet har teieplikt. Ombodet tek ikkje saken din vidare utan at du har samtykka til det. KontaktTove Regine StrandenTlf . 71 28 04 49/ 99 30 15 64E-post: elo@mrfylke.no Einar Engdal